Bildebok – didaktisk del.
Her
skal eg knytte erfaringar frå bildebok arbeidet til kompetansemål etter 7.trinn
i kunst og handverk.
I
LK 06 står det at eleven etter 7.trinn skal kunne:
Visuell kommunikasjon:
Visuell kommunikasjon:
-
bruke
fargekontrastar, forminsking og sentralperspektiv for å gje illusjon av rom i
bilete både med og utan digitale verktøy.
-
fotografere og manipulere bilete
digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt
-
sette saman og
vurdere korleis skrift og bilete
kommuniserer og påverkar kvarandre i ulike samanhengar.
http://www.udir.no/kl06/KHV1-01/Kompetansemaal?arst=372029323&kmsn=189205472
Å
kunne bruke digitale verkty er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene
eleven skal kunne etter 10 årig grunnskule. I kunst og handverk vil det å bruke
digitale verkty vere viktig for å kunne produsere ulik informasjon ved hjelp av
tekst og bilete. Vidare står det om det grunnleggjande ferdigheitene: « Produksjon av digitale
bilder står sentralt i elevenes arbeid med foto, skanning, animasjon, film og
video» Vidare står det: «Multimedier inngår i presentasjon av egne og andres
arbeid. Kunnskap om estetiske og digitale virkemidler er avgjørende for bevisst
kommunikasjon». Eleven skal i tillegg til å lære bruken av digitale
hjelpemiddel, også lære om kjeldekritikk, personvernet og vite om reglane for
opphavsretten.
Ein måte å arbeide med digital kompetanse på i
skulen er til dømes å la eleven dokumentere ein heilt vanleg skuledag i ei
digital historieforteljing. Dette gjorde vi på skulen eg arbeider på. Vi lot 5
elevar med særs ulik skuleveg filme korleis ein vanleg skuledag kunne vere for
dei. To av elevane måtte bruke buss til skulen, ein gjekk, ein nytta sykkel og
ein fekk taxiskyss. Eleven skulle filme med mobiltelefon frå han gjekk
heimanfrå, gjennom skuledagen og vegen heim frå skulen. Etterpå skulle han
redigere denne filmen, legge til musikk og andre effektar og syne den fram for
klassa. Dette vart det fem flotte digitale historier av. Dette krevst det lite
forarbeid og utstyr til. Mobiltelefon er noko nesten alle skulelevar har i dag,
så då kan ein gjere seg nytte av det i undervisninga. I boka «Digitalt fortalte
historier» ( Kristin Holte Haug m. fl. 2012) står det at sjølv om desse
digitale forteljingane er enkle produksjonar som ein ikkje treng mykje utstyr
til, treng dei ikkje vere primitive av den grunn. Dei kan vere både
forteljande, reflekterande, dramatiske og dokumentariske. Her er det berre
fantasien som set grenser for deg.
Elevane sit med store kunnskapar i bruk av
digital utstyr, difor er det viktig at skulen legg til rette for at desse
elevane får vise kva dei kan. Dei sit med kunnskap som overgår mange av
lærarane og då ville det vere synd, ja nærmast ei falliterklæring å ikkje nytte
seg av dette.
Kjelder:
Haug, Kristin Holte, Jamissen, Grete, Ohlmann, Carsten (2012). Digitalt fortalte historier.Oslo: Cappelen Damm AS
Haug, Kristin Holte, Jamissen, Grete, Ohlmann, Carsten (2012). Digitalt fortalte historier.Oslo: Cappelen Damm AS
http://www.udir.no/kl06/KHV1-01/Kompetansemaal?arst=372029323&kmsn=189205472
Prosesslogg
frå mappeoppgåve 3.
Mappeoppgåve
3 var å lage forslag til ei bildebok til prosjektet The Downs Syndrome
LanguagePlus-project. Dette er eit prosjekt som har som formål å utvikle eit
effektivt språkstimuleringstiltak for born som har Downs syndrom. Det er
tekstane til forfattaren Wenche Hoel Røine som skal nyttast i arbeidet. Det
skal i alt lagast 40 bildebøkar. Seint våren 2016 vert dei bøkane som skal
vidareutviklast vald ut. Bøkene vert vidareutvikla som både bildebokapplikasjon
og vil og vere tilgjengeleg på nettbrett.
Kriterier og rammer.
Rammene
for oppgåva var at utviklingsnivået til
borna var om lag 3 åt. Det var svært viktig med enkle og tydelege teikningar
som var stilisera og forenkla. Det skulle vere lite detaljar. Eit anna viktig
moment var repetisjon, dette for at borna har vanskeleg for å hugse
enkeltelement. Det skulle lagast omlag 10 illustrerte oppslag i A2-format.
Etterarbeidet skulle gjerast ved hjelp av fotoredigeringsprogram, anten Gimp,
Photoshop Elements eller liknande verkty.
Kriteria
var mange og for min del vanskeleg å forstå kva som eigentleg var meint.
Liggande format i A» var greitt. Illustrasjonane skulle ha tydeleg kontur, høg
kontrast. Dette var og greitt. Men når det står at det skulle vere variasjon i
bildeutsnittet og bildevinkel og gjenta element, vart det vanskelegare. Ein
skulle og planlegge og skildre ca. 2 -3 effektar i applikasjonen, som til dømes
animasjonar, lyd, interaksjon. Desse skulle ein skildre og forklare i loggen.
Dette vart for omfattande for meg og mitt kunnskapsnivå. Animasjonar og lyd er
noko eg aldri har arbeid med, og då følte eg rett og slett at eg ikkje ville
byrje å rote det til med å forske meg fram til korleis ein gjer dette. Difor
vart det utelatt frå meg. Kanskje dumt, men eg meiner det var betre å utelate
det, enn å lage noko som ville øydelegge arbeidet, om eg i det heile tatt hadde
klara å lage noko.
Tekst og teikning.
Min
tekst var «En ulykke». Den handla om Nina og Allan sin skuleveg. Ein dag vart
ein ung gut overkøyrd av ein bil, og det kom både ambulanse og politi til
åstaden. Dette gjorde til at Nina og Allan nesten kom for seint til skulen, for
det var så mykje spanande som hende. Dette var ei svært omfattande oppgåve. I
utgangspunktet er eg ingen stor teiknar, og bruk av ulike
fotoredigeringsprogram har eg heller ikkje nytta meg mykje av. Så dette var nye
og ukjende områder for meg å arbeide i.
Den fyrste innleveringa var framsida til
boka. Eg las teksten godt, og fann etter kvart ut korleis eg ville forme
framsida. Framsida skulle innehalde Nina, ein kvit sjukebil og teksten «En
ulykke». Nina skulle ha brun hudfarge, langt svart hår, oval form på andletet,
lang og tynn kropp med små hender og føter. Kjolen skulle vere lyseblå. Eg fann
fram eit bilete frå ei av forelesingane som visa ei jente, som eg prøva å
teikne etter for å få eit nokolunde bra resultat. Då framsida var klar, vart
den sendt inn for tilbakemelding.
![]() |
| Første framsideutkast. |
Tilbakemeldinga eg fekk var at eg burde bytte
farge på bakgrunnen til grøn, samt at eg burde ta med eit element til, som til
dømes buss eller politibil. Augo til Nina var og litt for tette, så dei vart
gjort større og meir markera. Eg valde å ta med buss og valde å legge farge på
sjukebilen til gul/grøn. Det skulle heller ikkje vere tekst på framsida, så den
vart og fjerna.
![]() |
| Andre framsideutkast. |
Bildeboka.
Neste
steg var sjølve boka. Her vart det mykje tankeaktivitet på korleis eg skulle
løyse det. Her skal det nemnast gruppa vår i Kunst og handverk var til stor
hjelp for meg. Dei gav meg mange gode tips og oppmuntring på vegen, og det trengde
eg. Eg hadde som nemnd aldri vore borte i likande ting før, så det var til
tider mykje frustrasjon og tenking før eg omsider kom fram til ein måte å løyse
det på. Det måtte bli teikning. Eg og teikning er ingen god kombinasjon, men
det var det einaste alternative som eg fann ut ville fungere for meg. Eg sette
i gang med freidig mot og teikna og teikna og teikna. Eg gjorde det heilt
sikkert veldig tungvint, og eg er overtydd om at det finnast betre, og mykje
lettare måtar å gjere det på enn det eg gjorde, mellom anna i
bilderedigeringsprogram. Men så lenge ein ikkje veit, og kan, betre, så må ein
gjere det slik ein føler ein nokolunde meistrar.
Det
vart mange teikningar til slutt. Det var mykje pirkearbeid, klypp og skjering
før eg var ferdig med alle figurane eg trengde til boka. Desse vart lagt ut og
fotografert. Så var det å sette saman og
komponere desse figurane til 9 scenar
frå teksten. Eg tenkte heile tida på at det skulle vere så minimalt med element
i bilete som mogeleg, samstundes som det skulle vere nok til å skjøne kva som
skjedde. Det var ikkje enkelt å få til. Det er fort at det vert mange element
med mange og mykje detaljar.
![]() |
| Noko av det eg teikna. |
På førehand hadde eg laga eit storyboard, så
eg hadde sånn omlag klart for meg korleis eg ville at sidene skulle sjå ut. Det
endelege produktet vart ikkje heilt slik eg hadde teikna det på storyboarden,
eg tok meg nokre kunstnariske frihetar her og der. Men eg hadde stor hjelp av
storyboarden i arbeidet.
Bilderedigering.
Planen var at eg skulle teikne figurane
mine fyrst, og så redigere dei i
bilderedigerings program på pc. Eg prøvde meg fram i ulike program, Både Gimp,
Photoshop Elements vart nytta, men eg hadde så liten kunnskap i bruken av
desse, at dei vart fort lagt til sides. Eg nytta meg av Adobe Photoshop i
redigeringa. Eg bruka mykje tid på å finne ut av Adobe programmet, og til slutt
så fann eg i alle fall nokre funksjonar som eg kunne bruke. Etter å ha redigera
bileta, la eg dei inn i PowerPoint. Dette lagra eg som ei PDF-fil.
![]() |
| Redigert bilete. |
![]() |
| Før redigering. |
Sluttproduktet
vart nok ikkje heilt slik eg hadde forventa meg. Boka såg annleis ut i hovudet
mitt enn det som vart levert inn. Eg mellom anna hadde håpa at eg kunne fått
gjort mykje meir redigering på bileta. Slik det vart, så måtte eg teikne kvar
enkelt figur fleire gonger med ulike uttrykk og bevegelsar. Frykteleg tungvint
og arbeidskrevjande. Som sagt så var det nok andre og lettare måtar å gjere det
på, men dei visste eg ikkje om då ,eller no for den saks skuld. Har nok fått
nokre fleire grå hår etter denne prosessen.
Vurdering av mappeoppgåva.
Dette
var ei stor og omfattande oppgåve. For ein som er dårleg til å teikne, følte eg
det som å skulle klatre opp eit fjell for fyrste gong. Dette var noko heilt
nytt for meg. Eg må takke dei tre andre på gruppa mi for at eg har fått eit
produkt som kan leverast inn. Dei må sikkert ha trudd eg hadde vanskeleg for
det, og ikkje skjøna nokon ting når dei las alle dei rare spørsmåla eg kom med.
Men dei har vore tolmodige og snille med meg og gjeve meg uvurderleg hjelp på
vegen.
Fyrste
gong eg høyrde om oppgåva trudde eg det var ein fleip. Å få levert ei slik
oppgåve så kort tid ut i semesteret følte eg for min eigen del var ganske tøft.
Vi hadde hatt lite om å lage bildebok før vi sette i gang med arbeidet. I
etterarbeidet skulle vi bruke Gimp eller tilsvarande bilderedigeringsprogram.
For mange var dette sikkert den enklaste sak i verden, men ikkje alle er på det
nivået. Eg er blant dei. Eg kan berre snakke for meg sjølv, men når vi skal bruke
bilderedigeringsprogram, så meiner eg at vi burde hatt ei grundig innføring av
t.d. Gimp før vi byrja på oppgåva. Når det er ein sentral del av arbeidet, så
blir det litt lettvint å bare legge ut ein link i fronter til ein
instruksjonsvideo. Det blir nesten som å gje elevane ei lekse i noko dei ikkje
har gjennomgått, og vise til at det ligg ein instruksjonsvideo på nettet om ein
vil finne ut av det. Kva om vi hadde bruka ein dag på samlinga i haust til
dette? Då hadde dette kanskje blitt ein betre, og lettare, prosess for fleire.
Sjølv
om dette var mykje negativt, så har det og vore lærerikt å arbeide med boka. Personleg
så føler eg at eg har blitt ein litt betre teiknar i løpet av desse vekene. Eg
har bruka mykje tid på boka. Det har blitt mange arbeidsøkter med teikning og
fargelegging, og det har vore mange lange kveldar og netter for å kome i mål
med prosjektet. Nå er det berre å vente i spenning på tilbakemeldinga.





