søndag 8. november 2015


Bildebok – didaktisk del.

Her skal eg knytte erfaringar frå bildebok arbeidet til kompetansemål etter 7.trinn i kunst og handverk.
I LK 06 står det at eleven etter 7.trinn skal kunne:
Visuell kommunikasjon:
-          bruke fargekontrastar, forminsking og sentralperspektiv for å gje illusjon av rom i bilete både med og utan digitale verktøy.
-          fotografere og manipulere bilete digitalt og reflektere over bruk av motiv og utsnitt
-          sette saman og vurdere korleis  skrift og bilete kommuniserer og påverkar kvarandre i ulike samanhengar.
http://www.udir.no/kl06/KHV1-01/Kompetansemaal?arst=372029323&kmsn=189205472
Å kunne bruke digitale verkty er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene eleven skal kunne etter 10 årig grunnskule. I kunst og handverk vil det å bruke digitale verkty vere viktig for å kunne produsere ulik informasjon ved hjelp av tekst og bilete. Vidare står det om det grunnleggjande ferdigheitene: « Produksjon av digitale bilder står sentralt i elevenes arbeid med foto, skanning, animasjon, film og video» Vidare står det: «Multimedier inngår i presentasjon av egne og andres arbeid. Kunnskap om estetiske og digitale virkemidler er avgjørende for bevisst kommunikasjon». Eleven skal i tillegg til å lære bruken av digitale hjelpemiddel, også lære om kjeldekritikk, personvernet og vite om reglane for opphavsretten.
Ein måte å arbeide med digital kompetanse på i skulen er til dømes å la eleven dokumentere ein heilt vanleg skuledag i ei digital historieforteljing. Dette gjorde vi på skulen eg arbeider på. Vi lot 5 elevar med særs ulik skuleveg filme korleis ein vanleg skuledag kunne vere for dei. To av elevane måtte bruke buss til skulen, ein gjekk, ein nytta sykkel og ein fekk taxiskyss. Eleven skulle filme med mobiltelefon frå han gjekk heimanfrå, gjennom skuledagen og vegen heim frå skulen. Etterpå skulle han redigere denne filmen, legge til musikk og andre effektar og syne den fram for klassa. Dette vart det fem flotte digitale historier av. Dette krevst det lite forarbeid og utstyr til. Mobiltelefon er noko nesten alle skulelevar har i dag, så då kan ein gjere seg nytte av det i undervisninga. I boka «Digitalt fortalte historier» ( Kristin Holte Haug m. fl. 2012) står det at sjølv om desse digitale forteljingane er enkle produksjonar som ein ikkje treng mykje utstyr til, treng dei ikkje vere primitive av den grunn. Dei kan vere både forteljande, reflekterande, dramatiske og dokumentariske. Her er det berre fantasien som set grenser for deg.
Elevane sit med store kunnskapar i bruk av digital utstyr, difor er det viktig at skulen legg til rette for at desse elevane får vise kva dei kan. Dei sit med kunnskap som overgår mange av lærarane og då ville det vere synd, ja nærmast ei falliterklæring å ikkje nytte seg av dette.

Kjelder:
Haug, Kristin Holte, Jamissen, Grete, Ohlmann, Carsten (2012). Digitalt fortalte historier.Oslo: Cappelen Damm AS
http://www.udir.no/kl06/KHV1-01/Kompetansemaal?arst=372029323&kmsn=189205472







Prosesslogg frå mappeoppgåve 3. 

Mappeoppgåve 3 var å lage forslag til ei bildebok til prosjektet The Downs Syndrome LanguagePlus-project. Dette er eit prosjekt som har som formål å utvikle eit effektivt språkstimuleringstiltak for born som har Downs syndrom. Det er tekstane til forfattaren Wenche Hoel Røine som skal nyttast i arbeidet. Det skal i alt lagast 40 bildebøkar. Seint våren 2016 vert dei bøkane som skal vidareutviklast vald ut. Bøkene vert vidareutvikla som både bildebokapplikasjon og vil og vere tilgjengeleg på nettbrett.
Kriterier og rammer.
Rammene for  oppgåva var at utviklingsnivået til borna var om lag 3 åt. Det var svært viktig med enkle og tydelege teikningar som var stilisera og forenkla. Det skulle vere lite detaljar. Eit anna viktig moment var repetisjon, dette for at borna har vanskeleg for å hugse enkeltelement. Det skulle lagast omlag 10 illustrerte oppslag i A2-format. Etterarbeidet skulle gjerast ved hjelp av fotoredigeringsprogram, anten Gimp, Photoshop Elements eller liknande verkty.
Kriteria var mange og for min del vanskeleg å forstå kva som eigentleg var meint. Liggande format i A» var greitt. Illustrasjonane skulle ha tydeleg kontur, høg kontrast. Dette var og greitt. Men når det står at det skulle vere variasjon i bildeutsnittet og bildevinkel og gjenta element, vart det vanskelegare. Ein skulle og planlegge og skildre ca. 2 -3 effektar i applikasjonen, som til dømes animasjonar, lyd, interaksjon. Desse skulle ein skildre og forklare i loggen. Dette vart for omfattande for meg og mitt kunnskapsnivå. Animasjonar og lyd er noko eg aldri har arbeid med, og då følte eg rett og slett at eg ikkje ville byrje å rote det til med å forske meg fram til korleis ein gjer dette. Difor vart det utelatt frå meg. Kanskje dumt, men eg meiner det var betre å utelate det, enn å lage noko som ville øydelegge arbeidet, om eg i det heile tatt hadde klara å lage noko.
Tekst og teikning.
Min tekst var «En ulykke». Den handla om Nina og Allan sin skuleveg. Ein dag vart ein ung gut overkøyrd av ein bil, og det kom både ambulanse og politi til åstaden. Dette gjorde til at Nina og Allan nesten kom for seint til skulen, for det var så mykje spanande som hende. Dette var ei svært omfattande oppgåve. I utgangspunktet er eg ingen stor teiknar, og bruk av ulike fotoredigeringsprogram har eg heller ikkje nytta meg mykje av. Så dette var nye og ukjende områder for meg å arbeide i.

Den fyrste innleveringa var framsida til boka. Eg las teksten godt, og fann etter kvart ut korleis eg ville forme framsida. Framsida skulle innehalde Nina, ein kvit sjukebil og teksten «En ulykke». Nina skulle ha brun hudfarge, langt svart hår, oval form på andletet, lang og tynn kropp med små hender og føter. Kjolen skulle vere lyseblå. Eg fann fram eit bilete frå ei av forelesingane som visa ei jente, som eg prøva å teikne etter for å få eit nokolunde bra resultat. Då framsida var klar, vart den sendt inn for tilbakemelding.
Første framsideutkast.
                                             

Tilbakemeldinga eg fekk var at eg burde bytte farge på bakgrunnen til grøn, samt at eg burde ta med eit element til, som til dømes buss eller politibil. Augo til Nina var og litt for tette, så dei vart gjort større og meir markera. Eg valde å ta med buss og valde å legge farge på sjukebilen til gul/grøn. Det skulle heller ikkje vere tekst på framsida, så den vart og fjerna.
Andre framsideutkast.
                                                
Bildeboka.
Neste steg var sjølve boka. Her vart det mykje tankeaktivitet på korleis eg skulle løyse det. Her skal det nemnast gruppa vår i Kunst og handverk var til stor hjelp for meg. Dei gav meg mange gode tips og oppmuntring på vegen, og det trengde eg. Eg hadde som nemnd aldri vore borte i likande ting før, så det var til tider mykje frustrasjon og tenking før eg omsider kom fram til ein måte å løyse det på. Det måtte bli teikning. Eg og teikning er ingen god kombinasjon, men det var det einaste alternative som eg fann ut ville fungere for meg. Eg sette i gang med freidig mot og teikna og teikna og teikna. Eg gjorde det heilt sikkert veldig tungvint, og eg er overtydd om at det finnast betre, og mykje lettare måtar å gjere det på enn det eg gjorde, mellom anna i bilderedigeringsprogram. Men så lenge ein ikkje veit, og kan, betre, så må ein gjere det slik ein føler ein nokolunde meistrar.

Det vart mange teikningar til slutt. Det var mykje pirkearbeid, klypp og skjering før eg var ferdig med alle figurane eg trengde til boka. Desse vart lagt ut og fotografert. Så var det å sette saman og
Noko av det eg teikna.
komponere desse figurane til 9 scenar frå teksten. Eg tenkte heile tida på at det skulle vere så minimalt med element i bilete som mogeleg, samstundes som det skulle vere nok til å skjøne kva som skjedde. Det var ikkje enkelt å få til. Det er fort at det vert mange element med mange og mykje detaljar.
 På førehand hadde eg laga eit storyboard, så eg hadde sånn omlag klart for meg korleis eg ville at sidene skulle sjå ut. Det endelege produktet vart ikkje heilt slik eg hadde teikna det på storyboarden, eg tok meg nokre kunstnariske frihetar her og der. Men eg hadde stor hjelp av storyboarden i arbeidet.
Bilderedigering.
Planen var at eg skulle teikne figurane mine fyrst, og så  redigere dei i bilderedigerings program på pc. Eg prøvde meg fram i ulike program, Både Gimp, Photoshop Elements vart nytta, men eg hadde så liten kunnskap i bruken av desse, at dei vart fort lagt til sides. Eg nytta meg av Adobe Photoshop i redigeringa. Eg bruka mykje tid på å finne ut av Adobe programmet, og til slutt så fann eg i alle fall nokre funksjonar som eg kunne bruke. Etter å ha redigera bileta, la eg dei inn i PowerPoint. Dette lagra eg som ei PDF-fil.
Redigert bilete.
Før redigering.
Sluttproduktet vart nok ikkje heilt slik eg hadde forventa meg. Boka såg annleis ut i hovudet mitt enn det som vart levert inn. Eg mellom anna hadde håpa at eg kunne fått gjort mykje meir redigering på bileta. Slik det vart, så måtte eg teikne kvar enkelt figur fleire gonger med ulike uttrykk og bevegelsar. Frykteleg tungvint og arbeidskrevjande. Som sagt så var det nok andre og lettare måtar å gjere det på, men dei visste eg ikkje om då ,eller no for den saks skuld. Har nok fått nokre fleire grå hår etter denne prosessen.
 Vurdering av mappeoppgåva.
Dette var ei stor og omfattande oppgåve. For ein som er dårleg til å teikne, følte eg det som å skulle klatre opp eit fjell for fyrste gong. Dette var noko heilt nytt for meg. Eg må takke dei tre andre på gruppa mi for at eg har fått eit produkt som kan leverast inn. Dei må sikkert ha trudd eg hadde vanskeleg for det, og ikkje skjøna nokon ting når dei las alle dei rare spørsmåla eg kom med. Men dei har vore tolmodige og snille med meg og gjeve meg uvurderleg hjelp på vegen.
Fyrste gong eg høyrde om oppgåva trudde eg det var ein fleip. Å få levert ei slik oppgåve så kort tid ut i semesteret følte eg for min eigen del var ganske tøft. Vi hadde hatt lite om å lage bildebok før vi sette i gang med arbeidet. I etterarbeidet skulle vi bruke Gimp eller tilsvarande bilderedigeringsprogram. For mange var dette sikkert den enklaste sak i verden, men ikkje alle er på det nivået. Eg er blant dei. Eg kan berre snakke for meg sjølv, men når vi skal bruke bilderedigeringsprogram, så meiner eg at vi burde hatt ei grundig innføring av t.d. Gimp før vi byrja på oppgåva. Når det er ein sentral del av arbeidet, så blir det litt lettvint å bare legge ut ein link i fronter til ein instruksjonsvideo. Det blir nesten som å gje elevane ei lekse i noko dei ikkje har gjennomgått, og vise til at det ligg ein instruksjonsvideo på nettet om ein vil finne ut av det. Kva om vi hadde bruka ein dag på samlinga i haust til dette? Då hadde dette kanskje blitt ein betre, og lettare, prosess for fleire.
Sjølv om dette var mykje negativt, så har det og vore lærerikt å arbeide med boka. Personleg så føler eg at eg har blitt ein litt betre teiknar i løpet av desse vekene. Eg har bruka mykje tid på boka. Det har blitt mange arbeidsøkter med teikning og fargelegging, og det har vore mange lange kveldar og netter for å kome i mål med prosjektet. Nå er det berre å vente i spenning på tilbakemeldinga.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar