Nasjonalromantikken.
Her skal eg presentere to kunstverk frå perioden som vert omtala som nasjonalromantikken. Kunstnarane som har måla desse bileta er Johan Christian Clausen Dahl og Adolph Tidemand. Nasjonalromantikken i Noreg strekte seg frå rundt 1840 til 1855. Det som i fyrste rekke var kjenneteiknet for kunsten i nasjonalromantikken var å få fram den norske identiteten gjennom å male landskapsbilete med hovudvekt på fjord og fjell, med og utan snø, og djupe dalar. I denne perioden var vi union med Sverige. Vi hadde hatt eigen grunnlov sidan 1814, og nasjonalkjensla hjå folket vart sterkare og sterkare, og det kom til syne gjennom biletkunsten, men og gjennom dikting og forfattarskap.

Johan
Christian Clausen Dahl.
Johan Christian Clausen Dahl, eller I. C. Dahl som han var meir kjend som, vart fødd 24.februar 1788 i Bergen. Han var ein av dei fyrste norske kunstnarane som vart anerkjend, og fekk både berømmelse og status i utlandet for kunsten sin. Han budde store delar av livet sitt i Dresden, men var stadig på besøk til Noreg , der han laga mange skisser som seinare vart til kjende maleri. Han var opptatt av å skildre den norske naturen, og han måla mange dramatiske bilete som fekk fram den vêrharde norske naturen med fjell, fossar og skog.
I. C. Dahl døydde i Dresden 14.oktober 1857.

![]() |
Bjørk i storm.
Eit av dei dramatiske bileta Dahl måla, var «Bjørk i storm» som vart ferdig i 1849. Bilete visar det kanskje mest kjende norske skogsmotivet, bjørka, som står i mot ein kraftig vind på kanten av stupet.
Motivet kan vere eit symbol for Noregs kamp for å overleve og bli ein sjølvstendig nasjon medan vi var i unionen med Sverige. Noreg er symbolisera med bjørka som har røtene sine i norsk jord, medan Sverige er den sterke vinden som trugar med å blåse bjørka over ende. Men langt der borte er det håp om betre tider, symbolisera ved den lyse, nesten kvite himmelen. Kanskje det var slik kjensla var hjå nordmenn i denne perioden?
Fargekontrasten i biletet er lys og mørke. Fargebruken er djup blå, grøn, gult som grensar til kvitt på himmelen, altså komplementærfargar som i Ittens fargesirkel der komplementærfargane står diagonalt ovanfor kvarandre. Gul fargen får fram varme i bilete, og det symboliserer kanskje håp når det treff bjørka? Det djupe blå får fram det dramatiske og kalde uttrykket. Sjølv om motivet er dramatisk, og fargekontrasten er lys og mørk, får ein likevel ei kjensle av varme når ein ser på bilete. Mykje på grunn av dei lyse fargane som er bruka på bjørka og bakken og på himelen i bakgrunnen.

Adolph Tidemand.
Tidemand vart fødd i Mandal 14.august 1814. Han reknast som ein av dei mest folkekjære kunstnarane i norsk kulturhistorie. Hans skildringar av korleis den norske bondefamilien levde og deira tradisjonar gjorde han til ein særs sentral person i nasjonalromantikken. Mange av hans verk reknast for å vere blant dei aller mest kjende frå denne perioden. Hans mest kjende verk er «Brudefred i Hardanger» som han måla saman med Hans Fredrik Gude, men han har og måla kjende verk som «Haugianarane» (1852) og bilete som eg skal presenter «De ensomme gamle» (1849).
Adolph Tidemand døydde i Oslo 25.august 1876.

De ensomme gamle.
Tidemand måla ein serie der han framstilte bondens liv frå vogge til grav. «De ensomme gamle» var det siste bilete i serien. Motivet er ei bondestue der mannen og kona er kledd i sundagskleda sine. Han i raud vest, som bryt med fargebruken elles i bilete. Ho sit med bunad og sølje på brystet. Ho har folda hender, eit teikn på at dei kviler etter at eit langt og hardt liv som bondekone er over. Om ein ser på detaljar i bilete, kan ein sjå at dette ikkje er ein fattig familie. Ein flott utskjerd spegl heng på veggen, og på golvet står dei ei flott golvklokke. Det var ikkje vanleg hjå fattige på den tida. Symbolikken i bilete kan vere at dei gamle har lagt arbeidet ned, nå kan dei roe seg ned med bøker og tid til ettertanke. Lyset gjennom vindauget kan vere symbolet på at der ute fortsetter kvardagen, og at yngre krefter har overtatt arbeidet på garden. Men det kan og vere eit religiøst symbol. Bonden les frå Bibelen, og det er Himmelens lys som lyser inn. Fargekontrastane her er lys og mørke. Lyset representerer håp, mørket representerer ettertanke og ro. Den raude vesten bryt av det mørke, og gjev bilete varme saman med lyset. Fargar har eit samarbeid med lys. I mørket har alt ein gråtoneskala. Her er komplementærfargane raudt og grønt. Sjølv om det er eit mørkt og dystert preg over maleriet, får ein likevel ei sterk kjensle av ro og fred når ein ser det.

http://digitaltmuseum.no/011042443142/de-ensomme-gamle-husandakt-maleri
https://no.wikipedia.org/wiki/%C2%ABBirk_i_storm%C2%BB

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar